Eva Jensen (1955–2016)

Forfattere

 

Eva Jensen døydde denne veka. Oktoberjournal har bede Ingrid Z. Aanestad velja to tekstar frå forfattarskapen.

 

 

 

 

Det er godt å leve.

Du skal ikkje gjenta og gjenta dette med at alt er støv og

alt er støv – kva hadde du innbilt deg?

Alt er støv og om utgangspunkt kan vi ikkje tale for

lenge.

 

(Frå Ingen smertebutikk, Samlaget, 1991)

 

 

 

 

 

Hendende skjelv. Terskelen blir stadig lågare. Eg har

stupt inn.

I halsen min sit døden. Eg elskar livet. Det susar.

 

Etter kvart sit kunnskapen i kroppen. Eg forlanger å få

ta farmor sin trappevask med i pensum til hovudfags-

eksamen.

 

Eg tar meg rett til å spytte på østlandsimperialistar

som peikar på det eksotiske i kvardagen for meg. Eg

treng dei ikkje.

 

Alt dette som samlar seg og vil breste. Kjærleiken eg

treng. Dei store skuggane eg lever under. Døden er ein

brutal jævel. Nei, det er jo ikkje døden som er brutal,

det er livet.

 

Teori nok for eit kort liv. Men praksisen? Praksisen?

 

Dei gode og vonde dagane. Sju magre og feite. Kyr.

Barnet på fotografiet, det mørket som omgjev det er

heilt utrulig!

 

(Frå Teori nok for eit kort liv, Samlaget, 1987)

 

 

 

 

Eva Jensen (1955-2016)

Eva Jensen blei fødd i Harstad, vaks opp i Salangen og var busett i Tromsø. Ho debuterte med Dikt og tekstar i 1984, og gav seinare ut bøker i ulike sjangrar, frå barnebøker til roman-romanar, skeive balladar, essays, dikt, noveller etc. Ho arbeidde også som omsetjar, gjendiktar og skrivelærar, mellom anna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Den siste boka hennar blei Vidareutdanning i lys og skugge frå 2014.

 

DSC_0204