THE FUTURE IS FEMALE [edit: PUSSY ]

Lesing

Reisebrev frå Los Angeles, under og etter presidentvalet 2016

AV ANNA KLEIVA

 

VALDAGEN

Det er mykje varmare i Los Angeles enn det plar vere på denne tida. Om nettene søkk temperaturen, men dagane er steikande. Vêrmeldinga for valdagen seier at det skal bli 33 grader. Valprognosene seier at Clinton kjem til å vinne California, slik Demokratane plar gjere, men LA Times hevdar at «nothing’s guaranteed». Det er den einaste avisa i landet som på valdagen publiserer ei måling der Trump har større oppslutning enn Clinton på landsbasis.

Eg vaknar 8. november av at katta hoppar inn vindauget og vil ha mat. Utanfor er det heilt stille, litt mindre mørkt enn det ville ha vore om det var natt. Det blir grått, silhuettane av trea i hagen blir tydelegare. Eit par menn snakkar lågt saman ute på gata, ved bildørene, på veg til jobb. Lyden av motorvegen stig ut av stilla, opp langs åskammane. Eit lågt sus, lange fres frå motorsyklane som skyt fram mellom køane av bilar som etter kvart formar seg. Nokre fleire milde stemmer. Søppelbilen, fleire gater unna. Suset frå motorvegen blir sterkare. Fuglane. Alle vaknar samtidig, veltar ut av trea og kvitrar innsmigrande. Krana som løftar søppelkassene og tømmer dei i behaldaren. Søppelbilen passerer huset, forsvinn. Fleire stemmer på gata, no snakkar dei høgare. Så begynner hundane. Sola er oppe, klokka er snart sju. Eg klarer ikkje sovne igjen, eg står opp. Det er varmare ute enn inne.

Målinga i Los Angeles Times  –  the USC Dornsife/LA Times poll  –  har vist Trump som vinnar i nesten heile år. Det har verka så usannsynleg at avisa har møtt kritikk for å publisere målinga i det heile tatt. Metoden dei brukar, skil seg frå den som blir brukt i andre målingar. Mellom anna har dei intervjua dei same 3000 personane gjennom heile perioden; folk er blitt spurde kva kandidat dei ville stemt på, men også kor stor sannsynlegheita er for at dei i det heile tatt vil møte opp på valdagen og stemme på denne kandidaten.

Alle dei andre store målingane i USA viser Clinton som vinnar. Det er slik det kjennest, morgonen 8. november. Eg har ikkje særleg sterke kjensler for Hillary Clinton, men det er heilt klart at eg ville ha stemt på henne, der ho står i duell med Donald Trump. Det er merkeleg å vere her og å meine så mykje, utan å kunne delta. Eg vil også stå i kø og få eit «I VOTED»-klistremerke til å bere på bringa. Morgonen 8. november er det nesten som om eg er blitt Clinton-supporter. Eg har sove dårleg, og eg vakna tidleg, men eg er ikkje veldig nervøs.

På veg ned til kaféen der eg tilbringer formiddagen, passerer eg to vallokale. Køar utanfor begge. På kaféen er stemninga som ein fredag ettermiddag i Oslo, den fredagen folk får lønn. Ei livleg stemning, ei glede over å endeleg ha stemt, at valkampen er over, at Trump skal ut av syne. Dagen er varm og vi trur USA skal velje sin første kvinnelege president, slik dei fleste andre i denne byen trur, trass i LA Times-målinga.

Eg snakkar med ein fyr som driv ei tatoveringssjappe i nabolaget. Han skal ikkje stemme. Han seier han er pirat og aldri har betalt skatt; sidan han ikkje bidreg, har han heller ikkje rett til å stemme, meiner han. Men han stolar ikkje på Clinton. Han seier: «Vi veit kva vi får med Trump, men med Hillary anar vi ikkje. Vi har aldri sett nokon som henne før.» Det er ganske riktig at vi aldri har sett ein kvinneleg president før, men eg ville heller sagt at Trump var den ubereknelege. Når folk ikkje stolar på Clinton, har det så utruleg mykje å gjere med at ho er kvinne. All arrogansen hennar, all krigshissinga, all dobbeltmoralen og korrupsjonen ville ikkje ha hindra henne i å bli valt om ho var ein mann. I staden for å velje ei kvinne, velde USA ein mann som hatar kvinner. Sjølvsagt handlar dette valet om heilt andre ting, men det handlar også om å ikkje stole på ein kvinneleg leiar.

img_1133

PUSSIES & BAD HOMBRES

Når stemmene er talte opp, har 61,6% av California stemt på Clinton. Det er nesten 3 millionar fleire stemmer enn Trump fekk. Dette er dei såkalla «bortkasta» stemmene; om kandidaten vinn ein stat med 51% eller 85% gjer ingen forskjell. I Los Angeles County er prosenten enda høgare, 71,5% stemte demokratisk. Ein heil haug med folk på Twitter brukar hashtagen calexit i timane etter valet, vil at California skal melde seg ut av USA. Silicon Valley-rikingen Shervin Pishevar, som får pengane mine to gongar i løpet av valnatta sidan han (mellom anna) er investor i Uber, seier han vil finansiere ein Calexit-kampanje. Dei fleste andre har slutta å snakke om det, dei verkar å strekkje ut hendene og mobilisere, i staden for å tenkje på å isolere seg. Det har aldri vore så mange demonstrasjonar etter eit moderne amerikansk presidentval  –  i LA eller nasjonalt.

California fører allereie ein meir liberal innvandringspolitikk enn USA gjer; i mangel på nasjonale lovar frå kongressen, har dei innført statlege lovar. Dei immigrantane som blir kalla ulovlege  –  eller valdtektsmenn og bad hombres av Trump  –  har rettar i California som ikkje er innførte nasjonalt. Dei har tilgang til førarkort, utdanning og arbeidslisens, ungar har tilgang til helsetenester. Staten har innført tiltak for å avgrense deportasjonar. «Dette er ikkje ein akademisk debatt i Senatet, om lovleg eller ulovleg, om korleis vi skal byggje muren», sa republikanaren Mike Madrid i fjor. «Dei udokumenterte er komne for å bli.» I California er latinos den etniske gruppa som utgjer størstedelen av folketalet [1]  –  flesteparten av desse er sjølvsagt ikkje udokumenterte. «Vi er ein immigrant-stat og det er positivt», sa den republikanske politikaren Kristin Olsen i 2015.

Men Trump vil straks starte deportasjonar, det er noko av det han ikkje har moderert seg på i løpet av dagane etter at han  –  og vi, litt etter litt  –  forsto at han skal bli president. Frivillige grupper over heile landet mobiliserte med det same. Unión del Barrio, ein LA-basert radikal og interseksjonalistisk organisasjon som jobbar med immigrantar sine rettar, poengterer at president Obama har deportert 3 millionar udokumenterte immigrantar i løpet av sine 8 år. Men med Trump kjem ein lovnad om opptrapping, og ei legitimering av rasistisk tale. I møte med dette vil Unión del Barrio eksempelvis hjelpe udokumenterte immigrantar med å setje opp «emergency contact lists» og kurse dei i å filme med mobilane sine i fall dei blir (forsøkt) deporterte.

Andre organisasjonar som jobbar for eksempel med homofile sine rettar, tilgang på prevensjon og abort for kvinner, eller miljøsaka, har opplevd ein auke i donasjonar etter 8. november. The Council on American-Islamic Relations fekk meir enn 500 nye frivillige på to dagar. Planned Parenthood fekk nesten 200 000 donasjonar den første veka; 1/4 av desse var gitt i namnet til den kommande visepresidenten Mike Pence, som er abortmotstandar og har jobba for å nekte organisasjonen føderale subsidiar.

Ikkje berre statane, men også byar og politidistrikt i USA, kan bruke handlingsrommet sitt til å jobbe imot ein politikk dei ikkje støttar. Politiet i LA innførte allereie i 1979, under politisjef Daryl Gates, eit forbod mot å oppsøke borgarar berre for å finne ut om dei er i landet ulovleg eller ikkje. Under den noverande politisjefen, Charlie Beck, har LAPD slutta å overlevere folk som er arresterte for småkriminalitet til immigrasjonsmyndigheitene. «Vi kjem ikkje til å samarbeide med Homeland Security for å deportere folk», sa Beck ei veke etter valet. Borgarmeisteren i LA, Eric Garcetti, sa fredag etter valet: «Viss vi ser, den første dagen han er president, noko som er fiendtleg mot borgarane våre, fiendtleg mot byen vår, dårleg for økonomien, dårleg for sikkerheita, vil vi seie ifrå, klart og tydeleg, protestere og handle.» Trump har sagt han vil trekkje attende føderal pengestøtte til byar som LA og Chicago om dei held fram med denne immigrasjonspolitikken.

Eit par dagar etter valet tek eg metroen. Dei annonserer heile tida noko over høgtalaranlegget, all muleg slags sjølvsagt informasjon om å ikkje plage andre og å validere billetten. «Det er uakseptabelt å seksuelt trakassere andre passasjerar», seier høgtalarstemma. Eg lurer på om ein kan seie at den beskjeden eigentleg gjeld lenger. Etter 8. november blir det stadig rapportert om kvinner og jenter som blir angripne av menn eller gutar  –  på barneskular, metroar, bensinstasjonar. Med angripne meiner eg ikkje slått til; mange av utsegnene til Trump er blitt slagord, og til kampropet «grab them by the pussy» har menn forsøkt å klå kvinner mellom beina dei siste vekene. [2] Andre Trump-supporterar (menn og kvinner) har spytta på folk, banka folk, skjelt ut folk, trua folk, tagga ned bilar, hengt opp nazi- og sørstatsflagg, referert til slavetida og bedd folk «dra heim». Folk tyder i denne samanhengen latinos («mexicans»), svarte («niggers»), muslimar («terrorists»), skeive, jødar og andre som ikkje finst i den oppdikta tida då «America» var «great». Det er ei oppfatning om at Trump «seier det som det er», og når denne talemåten fører han inn i Det kvite hus, kvifor skal ikkje velgjarane hans kunne seie dei same tinga?

img_1202

CALIFORNIA

Morgonen 8. november trudde eg, som ein vanleg idiot, at eg skulle skrive ei lettbeint, desinteressert tekst om presidentvalet, sidan Clinton kom til å vinne og eg ikkje brydde meg så mykje om henne. Teksta mi skulle i staden handle om lokalvalet, hadde eg tenkt; ikkje om Kamala Harris, den californiske demokraten som vart vald inn i Senatet [3], men om alle lovforslaga amerikanarane kan stemme over samtidig som dei stemmer til presidentvalet.

For eksempel hadde velgjarane i California i år  –  som i 2012  –  mulegheita til å avskaffe dødsstraff. I rettssaka Folket mot Anderson i 1972 avgjorde høgsterett at dødsstraff var i strid med den californiske grunnlova; dødsstraff vart avskaffa, men innført igjen nokre månadar seinare, ved hjelp av Proposition 17, som omskreiv den statlege grunnlova. Sidan 1972 har berre 13 dødsdømde blitt avretta, den siste for 10 år sidan. California har 741 dødsdømde fangar, meir enn nokon annan stat. Å halde dødsdømde i fengsel er særleg kostbart; i tillegg til årets Proposition 62, som foreslo å avskaffe dødsstraffa, var der også fremma eit anna lovforslag, Proposition 66, som foreslo å effektivisere den. Dersom begge desse forslaga fekk fleirtal, ville den med størst prosent stemmer gå igjennom. Proposition 62 vart nedstemt, med 46,31% stemmer. Proposition 66 gjekk igjennom, med knapp margin; 51,25% stemte for ei effektivisering av dødsstraffa i California, den såkalla mest liberale staten i landet.

Dit California går, går USA, heiter det seg. Sjølv om staten blir sett på som liberal i dag, stemte californiarar hovudsakleg republikansk i alle presidentval, så nær som eitt, frå 1952 til 1992 (då Clinton, altså Bill, stilte). Prosentdelen demokratiske stemmer stig jamt; 51,1% stemte på Clinton (herr) i 1996, medan 61,7% stemte på Clinton (fru) i 2016. Mykje av forklaringa på dette er republikanarane sin innvandringsfiendtlege politikk og det stadig veksande latino-folketalet i California.

Eitt av lovforslaga som derimot gjekk igjennom 8. november, var Proposition 64: legalisering av marihuana. California var den første staten som legaliserte marihuana til medisinsk bruk (i 1996), men til generell bruk – «recreational», som det heiter i loven – var både Washington og Colorado (2012), Alaska og Oregon (2014) tidlegare ute. (Nevada, Maine og Massachusetts legaliserte også i år.) Legaliseringa omfattar bruk, dyrking, kjøp og sal; ein privatperson i California kan no dyrke opptil seks marihuana-planter i eigen hage. Det blir brukt enorme summar på å reklamere for og imot slike lovforslag; den mest kostbare kampanjen i California i år forsøkte å stoppe prisregulering av medisinar. 109 millionar dollar vart lagte på bordet av medisinindustrien (dei som fremja forslaget – og tapte – brukte 19 millionar).

Reklamane om lovforslaga er forvirrande. I staden for å la folk tenkje og google sjølv, larmar reklamekampanjane for og imot på tv-skjermar, reklame-boards og internettsider. Diverse fagorganisasjonar og enkeltpersonar fortel deg kva dei synest du skal stemme på; COPS VOTER GUIDE ligg for eksempel i postkassa ein dag og seier: nei til 62, ja til 66 (ingen kommentar til 64). Fagpersonar stiller opp i reklamar og argumenterer dramatisk. Det er vanskeleg å vite kva som eigentleg er fakta, særleg sidan kampanjane også skuldar kvarandre for å ljuge. Eg innrømmer glatt at det sjokkerte meg at så mange veljarar stemte på Trump. Men det sjokkerer meg ikkje like mykje at dei trur på løgnene han kjem med. Politikken her er så influert av reklameretorikk at fakta forsvinn i vinklinga. Fox News og CNN serverer heilt forskjellige sanningar. Trump sitt team seier politikk ikkje kan bli ført på bakgrunn av folk [4] sine kjensler av å vere krenkte – hei, Sylvi Listhaug! – dei vil attende til fakta. Fakta er for eksempel: «Nobody respects women more than I do» (sitat: Donald J. Trump).

 

 

[1] Her kan ein nemne at California var meksikansk før staten vart annektert av USA i 1846. Ikkje at det gjer meksikanarar til noko meir av eit «opprinneleg folk» i området.

[2] Det er noko så illustrerande med denne utsegna  –  det er ikkje «touch them» eller «feel their pussy», det er «grab»; maskulin handlekraft; ta eit godt tak og løft unna det som måtte komme i vegen for deg (få litt kjønnsleg kontakt med på kjøpet).

[3] Harris er den andre svarte kvinna i Senatet si historie, og den første personen med indisk bakgrunn.

[4] Same folk som over.