Ein blå kjole og ein prosamaskin i brystet

Samtale

Oktoberjournal har snakka med Ingrid Z. Aanestad om den siste romanen hennar, Sibylle, historia om Sibylle og den eldre systera Synne, om far deira, om mormora, og om mora, som ikkje finst meir.

 

OJ: Korleis byrja ideen til boka vekse fram hos deg? Og kva starta skrivinga med?

IZAA: Boka begynte med nokre tekstflak, to vaksne systrer på ein kai og hår som flaksa i vinden, eit sitat av Louise Bourgeois som eg berre ikkje klarte slutta å tenka på: «Life is organized around what is hollow», eit hus og eit fråvær, nokon som baker marmorkake og tenker på døden, ein lang køyretur, ein serie fotografi av Sibylle Bergemann, setninga «Eg frys, eg elskar deg», minnelunden ved Gamle Aker kyrkje, ein litt trist sommar der eg kvar morgon gjekk til ein kafé i nærleiken av der eg bur og skreiv om det eg såg utanfor vindauget: trikkespor, ein slitt bygard, måker, heisekranar, gardin med tremønster, hundar og folk forbi. Noko kom i rørsle.

 

OJ: Var utgangspunktet her veldig annleis enn for dei tidlegare romanane dine?

IZAA: Eg arbeider ikkje først og fremst med idear, men med språk, flater, rørsler. Det finst så klart nokre utgangspunkt, som dei eg nemner over, men sjølve skrivearbeidet blir det avgjerande. Med Sibylle søkte eg ei «hard» og kompromisslaus form, som likevel var open og kunne romma meir enn éi erfaring.

 

OJ: Kva med skriveprosessen vidare, korleis har den vore?

IZAA: Iblant tenker eg at eg har ein maskin i brystet som lagar romanprosa. Han er langsamt arbeidande, han er avhengig av at hovudet tenker og at handa skriv, men når han først er i gang, kan sjølv den minste plastikkbit på asfalten smeltast om til tekst.

 

OJ: Søskenforholdet mellom systrene Sibylle og Synne er sentralt. Tidvis kan dei vere vanskelege å skilje frå kvarandre for lesaren, andre gonger er dei vidt forskjellige; relasjonen dei imellom er både nærare og fjernare enn ein ser for seg at han ville vore mellom to venninner?

IZAA: Det finst heilt klart ei veksling mellom nærleik og avstand i boka, i forholdet mellom Sibylle og Synne. Ei manetaktig rørsle: Samantrekning, utviding. Intimitet i glimt, språkleg og kroppsleg.

Men eg har ikkje systrer sjølv og er heller ikkje så oppteken av at alt i ein roman må vera hundre prosent realistisk på den måten (sjølv om eg har, kva skal eg kalla det, eit slags realistisk sug i meg, og når eg til dømes skriv om nokon som går over ein veg, arbeider eg for å gjera det på ein slik måte at den som les verkeleg kan kjenna det: Ho går over vegen.)

Kunst er kunstig. Eg finn opp og stiliserer, skaper tablå, scener. Eg betraktar personane mine på ein viss avstand. Eg lever tett opptil dei ei tid. Av og til låner eg dei ting frå mitt eige liv, av og til låner eg frå dei, noko eg treng: litt mot, eller ein blå kjole.

 

OJ: Kva har tapet av mora å seie i denne samanhengen? Kva betyr dei som er att for kvarandre?

IZAA: Eg har tidvis tenkt på dette skrivearbeidet som ein slags koreografi. Det finst ulike personar som rører seg i rom, og dei rører seg alle også i forhold til eit hol, eller fråvær, staden der mora skulle ha vore. I ein augneblink er éin nærmast holet, i neste ein annan. Iblant prøver dei å fylla fråværet for kvarandre, som til dømes når Synne inntek ei mamma-liknande rolle overfor Sibylle. Då blir det fort uro, aggresjon.

 

OJ: Sibylle er også ei forteljing om det som har vore, det som har skjedd, både i det som blir sagt og det som ikkje blir det. Her ligg mykje av drivet i teksten. Kan du seie litt om det?

IZAA: No kjem eg på noko eg las i den vakre boka (boksen/gravskrifta/elegien) NOX av Anne Carson undervegs i arbeidet, eller kanskje før eg eigentleg hadde begynt: «It is when you are asking about something that you realize you yourself have survived it, and so you must carry it, or fashion it into a thing that carries itself». Eg trur at alle personane i romanen prøver å finna måtar å bera eller å vera med det som har hendt. Fordi dei sjølve har overlevd. Det er eit tvingande oppdrag. Alle har ei fortid, og ho finst der uansett om me snakkar om henne eller ikkje, me er heile historia vår, lag av tid og erfaring. Det interesserer meg korleis desse systrene forvaltar fortida, det dei veit og det dei ikkje veit om mora og seg sjølve. Ikkje alt kan snakkast om, eller forløysast gjennom samtale og tårer. Iblant er det like logisk med andre uttrykk. Ein kan oppsøkja ein symjehall om natta, eller kle seg ut, leika ein gammal leik.

 

OJ: Korleis er hovudpersonen Sibylle annleis frå Maria i I dag er ein fin dag, Selma i Stormkyss og Anna i Sol, seier ho – kvinnene i dine tidlegare romanar?

IZAA: Ho er yngre og kanskje litt meir gjenstridig og impulsiv. Men også reflektert og ransakande. Barnsleg og bråvaksen. Midt i ein framkallingsprosess, ho også.

 

 

skjermbilde-2016-11-25-kl-15-34-10

Utdrag frå Sibylle, Forlaget Oktober 2016

 

ingrid-z-3647

Forfattarportrett: Cato Lein

Omslagsfoto: Silbylle Bergemann | Ostkreuz

Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | Exil Design