Stein Torleif Bjella. Utan instrument

Samtale

Oktoberjournal har snakket med Stein Torleif Bjella om hans første bok, Jordsjukantologien.

 

O.J.: Hvordan begynte du å skrive på Jordsjukantologien?

S.T.B.: Eg begynte å improvisere fram tekstar mellom sangane på konsertane for eit par-tre år sidan, då ofte med improkomp bak. Desse tekstane har me alltid kalt spoken words i bandet. Eg hadde femten slike før sommarferien 2017. Sendte dei til Forlaget Oktober. Forlaget ville ha meir og gjennom sommaren vart Jordsjukantologien ferdig. Eg måtte finne ein god måte å skrive det på. Og eg måtte finne ein form på det heile.

 

O.J.: Hva er forskjellen på å skrive dikt og sangtekster? Er det noen forskjell?

S.T.B.: Det er store forskjellar. Eg syns eg i dikt godt kan vera meir vrien. Som eg tenker Jordsjukantologien er. Det er lettare å forklare noko intrikat i eit dikt. Formen er perfekt til det. Ein sang har ein eigen rytme og eit tempo å følge. Då kjem setningane fort. Så kanskje blir tekstane då tydelege på ein annan måte, enn når ein sit å grublar på ei linje så lenge ein vil, før ein les vidare. I tillegg er det sjølvsagt skrivinga. Eg lagar sangtekstar med gitaren i fanget. Dikta skreiv eg ned, utan instrument. Også er det ingen krav til rim i dikta, då.

 

O.J.: Boken din består av både enkeltdikt og en større fortelling …

S.T.B.: Tanken var at alle tekstane skulle stå på eigne bein, men at det etterkvart gjennom samlinga gjekk opp for lesaren at det heile var vevd samen med store eller små berøringspunkt, slik jo livet er. Og at det på den måten datt på plass eit eller fleire større bilete.

 

O.J.: Hva betyr Spoon River-antologien til Edgar Lee Masters for deg?

S.T.B.: Masters er meistaren og Spoon River er ei fantastisk bok å ta fram med jamne mellomrom. Ei bok eg har kjent lenge. Der er det fleire hundre dikt med døde stemmer frå kyrkjegarden i ein amerikansk småby. Eg lot meg inspirere av Spoon River, sjølv om den har heilt andre reglar og innhald og omfang.

 

O.J.: Hva skriver du nå?

S.T.B.: Siste dagane er eg attende med gitaren i fanget. Går å ventar på noko, kjenner eg. Veit ikkje kva.

 

O.J.: Hva leser du?

S.T.B.: No les eg på Ruth Lillegraven Sigd. Fantastisk flott. Og eg har fleire andre bøker som ventar. Tenk at eg aldri lese Den siste viking av Johan Bojer. No ligg den klar på bordet.

 

O.J.: Hvis du skulle trekke frem et av dine egne dikt, hvilket ville du ta?

S.T.B.: «Den unge kvinna vann endeleg fram» kunne me ha på trykk. Eg synest det diktet både fortel ei stor historie og gir meg bilder.

 

Den unge kvinna vann endeleg fram

 

Ho kjøpte Storelien.

Barndomsminnet frå slåttearbeid

var det vakraste ho hadde.

 

Det er langt frå

klokketårn og parkanlegg

ved Landbrukshøgskulen på Ås

til steinhelvetet på åtte hundre meter.

 

Ho starta grønsakproduksjon

og avla gamalnorsk spæl.

Vurderte dagstøtt å gi seg

men det var noko

med dei klasselause

og solidariske dyra.

Ingenting var tilfeldig:

hardføre

nøysame

sterke søyer

kosthaldet

døgnrytmen

tråkk mot vatn

tråkk langs vatn

flukt og flokkliv.

 

Og så bekrane då

som fann kvarandre

i eit slags fellesskap.

 

Stein Torleif Bjella Jordsjukantologien
© Forlaget Oktober as, Oslo 2017
Bokdesign: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | EXIL design

 

 

Skjermbilde 2017-10-27 kl. 16.05.02

Forfatterportrett: Signe Fuglested Luksengard