Lars Amund Vaage
Forfatter
Eg har skrive ein historisk roman som tar til i 1889, då min fiktive helt, bygdediktaren Gabriel Hallvardsson Hauge vert fødd, og endar i 1913 då han vender heim frå Askov Højskole i Danmark, for å gå i gravferda til bestemor si.
Det var ei heftig tid med unionsoppløysing, mekanisering i landbruket, utvandring til Amerika, industrialisering. Landsmålet vart innført i lokalsamfunn og vart ei kraft i folks kvardag. Industrialiseringa, til dømes i Sauda, Odda og Rjukan verka trugande på mange bygdefolk. Bondereisinga og landsmålet auka sjølvmedvitet i Bygde-Noreg. Men ikkje alle ønskte det nye språket velkomen. Også på bygdene tykte mange at dansken var det beste og det mest høgtidelege.
Det var ikkje før i 1906, tjue år etter jamstellingsvedtaket i Stortinget, at landsmålet vart innført i heimkommunen min, Kvinnherad. Og eg let Gabriel Hauge læra dansk i skulen. Min bestefars generasjon måtte altså læra seg nynorsk som vaksne, så nytt er det målet. Det kan me hugsa på no når nynorsk verkar meir truga enn på lenge.
Eg skriv om heimstadiktaren, denne doble figuren. Han uttrykte byrgskap over heimen, bygda, bondeyrket, men han vart forakta av dei høgare oppe, og sentralt plasserte. Men forakt er ikkje noko dårleg utgangspunkt for dikting. Gull kan finnast i det smålåtne, det grå.
Heimstaddiktaren vende gjerne ryggen til den nasjonale litterære scenen. Bestefar min hadde heile sitt liv og virke i bygda, sine vener og kollegaer. Du såg han aldri på møte i Forfattarforeininga og han søkte ikkje stipend. Det var eit eige litterært kretsløp som hadde sine eigne verdiar i kontrast til og i kamp med dei rådande verdiane. Individualismen vart til dømes sett ned på. Ein skulle arbeida for ei større sak, fellesskapen, bygda.
Men det hende at heimstaddiktaren ikkje berre var motstandar av industrialisering, men såg også ned på arbeidarklassen, og derunder også på landarbeidaren, dei eigedomslause. Heimstaddiktaren var ofte blind for verdiane i sosialismen og trongen fattigfolk hadde for å stå saman.
Eg vart fødd inn i heimstaddiktinga. Bestefar min, Ragnvald Vaage, gav ut 20 bøker mellom 1912 og 1966, dikt, romanar, noveller, barnebøker. Først og fremst var han lyrikar. Han skreiv med stor musikalitet og poetisk kraft. Men han kalla seg ikkje diktar, nei, han var bonde, han.
Som barn gjekk eg til han i den vesle hytta i skogen der han sat og skreiv. Der var det ein vedomn, eit bord, ein stol, ein fyllepenn og så var det blanke ark. Han fortalde aldri om gamle dagar, kunne ikkje snakka med born, barnebokskrivaren. Men han fekk meg til å undrast over det livet som kunne oppstå blant bokstavane på arket, dette han kunne skapa av ingen ting, noko som kunne få folk til å le og gråta.
Han var foreldrelaus. Mora døydde då han vart fødd, faren døydde få år etter av tæring, og andre tap kom til i barndom og ungdom. Var det derfor han ikkje fortalde om gamle dagar? Det var ikkje noko gildt å fortelja om frå gamle dagar til barnebarnet, men han kunne skriva om det. Var det ein traumatisert gammal diktar eg møtte i min barndom? Var det vonde minne og tankar som gjorde at eg alltid såg han på avstand, langt borte, der han gjekk for seg sjølv, sette seg på ein stein langt inne i skogen.
Han var ein gåtefull mann. Kva hadde ført han dit han var, korleis hadde livet fare åt med han? Det fekk ein ikkje svar på, sjølv om ein las alle dei tjue bøkene hans.
Eg diktar opp min heimstaddiktar for eg treng rom for å spekulera og å drøyma rundt korleis eit slikt liv kan han vore. Eg diktar opp at min heimstaddiktar var eit traumatisert barn. Men det trur eg også bestefar min var, han kom frå det vonde og meiningslause og han fann aldri fred med det. Spørsmålet er kva ein slik bakgrunn gjer med mennesket. Boka er ei forteljing om kjærleikens vilkår, ho handlar både om draginga mellom kjærastar og det å knyta seg til andre menneske i det heile. Kva gjer ein hard oppvekst med evna til kjærleik og trua på at ein kan vera god nok til å bli elska? Og er sorg og tap forløysande for dikting eller forkrøplar det sjela og evna og viljen til å skapa? Er den smålåtne bygdediktaren smålåten fordi han er blitt djupt såra? I boka mi prøver eg å kasta lys over slike spørsmål.
Og korleis hadde heimstaddiktaren det i norskdomsrørsla? Han fekk det nye målet med dei heimlege lydane, og det forløyste mange, som Vinje og Garborg. Men hadde den unge Gabriel Hauge det rommet han trong for å arbeida vidare med sine mørke, eksistensielle dikt i ei norskdomsrørsle som krov at diktaren skulle oppmuntra, gleda og vera med og byggja landet?
Det uferdige huset er ein roman om å koma til skrifta frå ein fåmælt og jordbunden stad der dikting ikkje har nokon plass, og uttrykka seg på eit nytt språk i eit nytt land som famlar etter ein eigen identitet. Lars Amund Vaage har skrive fram eit gripande portrett av ein ung mann i spenn mellom pliktkjensle og kunstnarkall.
Les også
Djevelboka av Asta Olivia Nordenhof
Djevelboka er en erotisk grøsser, den frittstående andre delen av Asta Olivia Nordenhofs planlagte sjubindsverk om brannen på passasjerskipet Scandinavian Star. Det er et storslått,
Tingenes betydning i Kjersti Ericssons romaner
I anledning Kjersti Ericssons 80 års dag ble Astrid Hygen Meyer invitert til å snakke om den aktive forfatterens tre siste bøker. Talen åpnet med
«Levningene i myra» – Stein i silke av Mikael Niemi
Tage Airijoki jobber i den hardfrosne myra utenfor Pajala i Nord-Sverige. Året er 2017, det er nesten hundre år siden den store veiarbeiderstreiken, allikevel graver