23. september 2019

SKRIFT OG STAD

AV TORMOD HAUGLAND

slik sett er eg to stader på same tid, og staden eg sit og skriv på vert då den minst viktige

 

Kvar eg skriv kan variere. I dag sit eg oftare på kjøkenet enn i stova, og oftare i stova enn på kontoret. Det gamle huset eg bur i på Radøy har fleire rom, og eg har brukt ulike rom og skreve på ulike tider av døgeret, alt etter omstenda. Og sidan eg var ung har livet vore prega av flakking mellom ei leilegheit i Bergen, der eg stundom også skriv, og dette gamle tømmerhuset etter farfar og farmor på Radøy, på tunet der eg vaks opp.

© Tormod Haugland

Og eg har skreve på reise, på hotellrom og i leilegheiter i utlandet. Staden der eg sit og skriv er ikkje avgjerande, men staden eg skriv om er viktig. Eg må altså vere til stades på den staden eg skriv om, når eg skriv, og slik sett er eg to stader på same tid, og staden eg sit og skriv på vert då den minst viktige. Likevel spelar den staden eg sit på ei viss rolle, for han må innfri visse minimumskrav for at eg skal ville arbeide der. Staden skal vere tiltalande og trygg, og eg må kunne sitje nokolunde komfortabelt, og gjerne med ein kopp kaffi eller eit glas vatn for handa, men det er på ingen måte noko krav. Eg har aldri vend meg til å ha musikk i bakgrunnen som kan gje ei særeigen stemning og ha ein inspirerande verknad på skrivinga, men eg har likevel vend meg til bakgrunnslydar i alle slags variantar. Når eg skriv prøver eg å kople ut alt omkring meg, og berre vere til stades på den plassen eg skriv om. Slik sett kan eg også sitje på ein tilfeldig kafé, utan at noko forstyrrar meg nemneverdig. Eg prøver å gå inn i teksten og teksten sin stad, og då forsvinn gradvis dei faktiske omgjevnadene. Eg trur alle bøkene mine er prega av eit særskild landskap og ein særskild mentalitet som kan knytast til det området eg er frå. Og oftast sit eg heime og arbeider, medan eg prøver å gje staden eg skriv om eit preg av noko uavklåra og framand.


Tormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. I 2017 vart Haugland nominert til P2-lytternes romanpris for Om dyr og syn. Romanen Om søvn og mørke kom i 2019 og høstet gode kritikker.

 

 

 

Categories: Skrivestue