22. april 2021

Marianne Clementine Håheim har i den tredje boka si skrive om ein ung mann som tek over garden når foreldra døyr. Kvifor har Håheim retta blikket mot jordbruket i sin nye roman?

Kvifor valde du å skrive om ein bonde?

Etter å ha skrive ein svært personleg roman om spiseforstyrringar, ønskte eg å utforske ei anna menneskeleg erfaring. Ideen til «Plikt» kom etter at eg over ein periode hadde lese fleire mediesaker om dyretragediar i landbruket. Eg har sjølv vakse opp på småbruk, og klarte ikkje å forstå korleis slike tragediar kan skje. Eg ville skrive om det for å prøve å forstå det. Hovudpersonen er ein ung mann som ikkje i utgangspunktet ønskte å bli bonde, men som vel å flytte heim for å ta over gardsdrifta då far hans plutseleg døyr.

Boka heiter Plikt, korleis blir eg-personen si avgjerd om å ta over garden påverka av pliktkjensle?

Pliktkjensla er ein av dei viktigaste drivarane for avgjerda, saman med ønsket om å vidareføre ein arv. Denne problemstillinga har eg kome over fleire gonger i min research til boka. Odelsomgrepet står framleis sterkt, og kan føre til at valet om å ta over for einskilde blir styrt meir av plikt- og ansvarskjensle enn eit personleg ønske. Då trur eg kvardagen som bonde kan bli tung.

Den unge bonden føler ein nærleik til dyra og naturen, men er aleine på garden og bærer alt ansvaret sjølv. Kva har det å seie at han står aleine i dette?

Det er ein stor sårbarheitsfaktor for hovudpersonen. For det første er det vanskeleg, kanskje umogeleg, reint fysisk å drive garden åleine. For det andre gjer mangelen på sosialt nettverk at signal om at alt ikkje er som det skal hos bonden, blir oversett. Etter kvart isolerer han seg meir, og ingen verken er der eller får sleppe til for å spørje korleis det går. Då begynner tragedien verkeleg å truge. Vi menneske treng kvarandre, og må våge å bry oss om kvarandre.

Då faren plutseleg døyr, vel den unge mannen å flytte heim til garden han vaks opp på. Han tar på seg arbeidskleda som faren pleidde bruke, og blir sauebonde. Nært og levande skildrar romanen den unge bondens dagar saman med sauene, omsorga han må gje kvart einskilt dyr, og alt det praktiske som må takast hand om.

«Plikt» er ei gripande forteljing om kva det vil seie å drive ein liten gard i vår tid, om nærleiken til dyr og natur, og om det å høyre til i ein tradisjon. Nesten umerkeleg viser det seg også å vere forteljinga om ei einsemd som er så stor at ho kanskje ikkje kan berast.

Les også