6. november 2019

OMRÅDE 51 er eit hemmelig territorium i Nevada der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er også kontrollsenter for avanserte dronar. Her blei det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak måneferdene utvikla. Område 51 er ei skjult, underjordisk verd som ikkje er plotta inn på kartet og som er befolka med personell som ikkje står på offisielle lønningslister.

Tekstane i denne samlinga er del av eit musikalsk samarbeid med Morten Qvenild. Område 51 blei opprinnelig til som tingingsverk for EnergiMølla og Kongsberg jazzfestival og blir no utgitt både som bok og plate (Grappa, 2019).

UNDERGRUNN

Her er ikkje noko land, seier geologen
Her har du ingenting å gjøre, seier vakta
Her finst ingenting, seier skiltet
Bare ein coyote
Bare ein stjernehimmel
Bare ein sølvmåne over sovande sviller
Ein tapt strekning på kartet
Landet som ikkje er
Under føtene
Under radaren
Under grunnen
Svart land
Svart flekk
Svart budsjett
Svarte løgner
Bare dei som er vakne mens du søv
Bare dei som fyller dagen med natt
Bare dei som går på jobb for å beherske himmel og død
Bare dei som går på jobb i landet bortanfor landet

MORGONFUGLEN

Over fjella og over åsane
vi kjem inn lågt, saman med
dei andre morgonfuglane
Vi kjem inn over tak og torg, gras og grøde
vi kjem inn over ørken og telefontrådarvi kjem inn lågt, over grend og gater
Djupt der nede glinsar taka
djupt der nede søv eit barn
djupt der nede elskar eit par

Vi bombar for fred
vi bombar bare der vi må
vi bombar med kirurgisk presisjon
Nokre sivile tap må reknast inn
eit par tusen ungar
eit par tusen gamlingar
eit par tusen gravide
Over fjella og over åsane
vi kjenner Guds luft under vengene
og vi styrer morgonfuglen frå Område 51

Vi skimtar verda oppe frå morgonfuglen
det tette kornet på åkeren og bølgene i havet
vi ser bombenedslaga på skjermar
klokka fem på seks om morgonen
Vi lindrar ei sjuk verd med bomber
vi bombar for kjærleik
vi bombar for fred, vi bombar for framtid

Bombar skular bombar sjukehus rådhus gudshus
bombar alt bombar alt som kan skjule rein vondskap

Over fjella og over åsane
vi kjem inn før daggry
bombene slår rett ut av det stille
Alt levande hukar seg saman, alt levande lukkar auga
vi må bombe alt saman
alt må bombast
Vi bombar for fred
vi drep for fred, vi lemlestar for fred
Ein evig krig for evig fred

Vi slepper ned all vår godheit og empati
vi slepper ned demokrati
vi slepper ned filantropi og sympati og harmoni
Ta imot, ta imot
humanisme frå himmelen
ta imot, ta imot
altruisme frå himmelen

Vi skal bare bombe litt til, bare bombe litt ti
så er jobben gjort

Frode Grytten (f. 1960) debuterte i 1983 med diktsamlinga Start. Sidan har han skrive bøker i dei fleste sjangrar og har fått eit stort lesande publikum. Bikubesong (1999) blei tildelt Brageprisen og innstilt til Nordisk Råds litteraturpris, Flytande bjørn (2005) fikk Rivertonprisen og Rom ved havet, rom ved sjøen (2007) blei hedra med Nynorsk litteraturpris og Melsomprisen. I 2014 debuterte Grytten som dramatikar med stykket Sånne som oss på Den Nationale Scene. Bøkene hans er oversette til ei rekke språk. Grytten tildelt Bjørg Vik-prisen 2017 for sitt forfatterskap.

Categories: Utdrag