Av Ingrid Z. Aanestad
Mir hjelper Belle med å vaska vindauga. Belle spurde ikkje, men ho sa noko om den skarpe vårsola ein dag Mir var innom og drakk kaffi og gav henne ein ny bunke bøker frå biblioteket, Belle sa at mor hennar ville ha skjemst over henne, ho sa det medan ho peikte mot vindauget.
Heldigvis er ho død, sa Belle.
Det meiner du ikkje, sa Mir.
Nei, sa Belle. Men det kan ikkje du vita.
Mir vispar nylonvask frå ein blå tube ut i lunka vatn. Belle seier at det blir best å pussa med avispapir, men Mir er heilt sikker på at ho har høyrt at trykkeprosessen har forandra seg, at blekket ikkje lenger polerer slik det gjorde. Belle har funne fram eit par gummihanskar, dei verkar litt morkne, Mir har trædd dei på hendene, ho vrir opp filla, vaskar kjøkkenvindauget med sirkelrørsler så det skummar over glaset. Belle trekker fram ein kjøkkenkrakk, set seg bak Mir. I dag er det ikkje sol, himmelen er grå og tett, ugjennomskinleg. Mir bruker nal for å skvisa vekk vatnet, gummilista lagar ein låg, skrikande lyd når ho pressar mot glasflata. Utanfor blir kirsebærtreet synleg igjen, det heng regndropar i dei tynne greinene, ytst knoppar det seg.
Korleis går det med ho jenta? seier Belle.
Ruth er ei kvinne, seier Mir.
Korleis går det med Ruth?
Mir tørkar av nalen og tek eit steg tilbake, myser.
Er det striper?
Det er godt nok, seier Belle.
Det er ein slags test det går an å gjera på filmar, seier Mir. Finst det to kvinner som snakkar saman om noko anna enn ein mann?
Kva då?
Du kan bruka det for å finna dei filmane som handlar om noko anna enn det vanlege. Eller handlar om det vanlege på ein uvanleg måte.
Er det bra viss dei snakkar om husarbeid?
Det var ikkje det eg meinte.
Har dette noko med Ruth å gjera?
Belle sit med det eine beinet over det andre, ho vrir ankelen frå side til side. Ho er så lys, håret nesten same farge som huda, ho er kledd i ein lilla genser med strikka fletter, han er vid til den smale kroppen. På kjøkkenbenken hennar står det ei sølvskål med fruktdrops i, dei er forma som små appelsinbåtar, bringebær, runde blå plommer.
Det er bra med Ruth, seier Mir.
Dei flyttar seg frå kjøkkenet og inn i stova, Belle plasserer seg i sofaen, medan Mir ryddar vekk bokhaugar og nips frå vindaugskarmen.
Skal ho flytta inn til deg?
Mir snur seg mot Belle.
Kvifor spør du om det?
Har du spurt henne?
Belle, seier Mir. Det er så nytt enno.
Det er plass til ein heil liten familie i sånne leilegheiter som me har, seier ho. Det har eg alltid tenkt.
Mir vaskar over det store stovevindauget og skrapar vatnet vekk med nalen. Belle hjelper til med å snu ruta, slik at ho får vaska den andre sida også. Skiten losnar, det grå trafikkstøvet, flekkane av regn.
Dette var oppkvikkande, seier Belle.
Vil du ha meg inn på soverommet også?
Belle viser vegen dit, opnar døra. Over senga ligg eit kvitt, hekla teppe med små duskar langs kantane, dei sopar nedi golvet. På ein knagg ved sida av vindauget heng ein kimono i ferskenfarga stoff.
Den skal du få arva etter meg, seier Belle, ho har følgt blikket til Mir.
Ikkje sei sånt, seier Mir. Skal ikkje du leva til eg blir gammal?
Eg fekk han av ein mann ein gong, seier Belle.
Eg kunne ha gjetta at det var nokon som var forelska i deg.
Forelska veit eg ikkje. Han hadde ein slags plan, han hadde vore på forretningsreise til Japan. Me kalla det forretningsreise då. Kva seier dei no? Business and pleasure? Han kom heim og gav meg den kimonoen. Han bad meg prøva med ein gong. Eg tenkte at det var som å vera kledd i vatn, silken var så lett mot kroppen. Eg budde her allereie den gongen, det må eg ha gjort, eg var ikkje heilt ung lenger. Han hadde med seg risvin også. Men eg visste at eg ikkje kunne vera med han, sjølv om han forstod kva eg likte.
Eg trur eg kan vera med Ruth, seier Mir. Ho forstår meg ikkje. Ho gjer det på den rette måten, forstår du?
Utkommer 14. august!
Mir møter Ruth på ein fest. Til festen har Ruth med seg ei teiknebok, og det første ho gjer, er å teikna andletet til Mir. Saman tek dei form, skaper kvarandre om. Men Mir er berre Mir, og Belle, den gamle nabodama, gir ingen råd, ikkje om kjærleik, og ikkje om sjukdom. I staden held ho fest i bakgarden, med krabbar kokt på gassbluss og loff og sitronar og brennevin i små glas. Og Ruth er Ruth, ho har blå flekker på brysta etter celleprøve, det går bra, seier ho, men ho gir ingen løfte.
Ein dag vaknar me og det er sommar er ein roman om å koma til syne og gi seg hen, om vennskap og kjærleik og redsla for ikkje å bli høyrt, og om alt det som kan veksa og gro, i ein sommar utan like.