Hva er det med Ravels strykekvartett, Runa Skjeldal?
Hva er det med Ravels strykekvartett? Av Runa Skjeldal I Runa Skjeldals debutroman Eleonora blir Ella påminnet Ravels strykekvartett en morgen hun ligger i senga
Tormod Haugland er aktuell med romanen Om livet på jorda. Dette er ein roman om ideal som møter motbør, om kunnskap som blir sett på prøve. Dette er den tredje romanen til Haugland om bondesonen Tormod. Sentralt i romanane står godt handverk. Vi har spurt; Kva er det med godt handverk, Tormod Haugland?
Som odelsgut på eit småbruk var eg vand med å arbeide, og eg skjøna fort at det var stor skilnad på dei ulike reiskapane, og at kvar reiskap måtte handterast ut frå sine prinsipp. I dei tidlege tenåra på 1970-talet vart arbeid ein del av kvardagen, og mange manuelle prosessar var prega av lyd frå maskiner. All moking og fôring vart gjort under mjølking, i duren frå mjølkemaskina. Ho var montert på murveggen og laga mykje bråk i heile bygningen. Det å skru på mjølkemaskina var å opne for larm og leven og eg visste at mjølking var noko vi levde av, at kvar drope var viktig. Den sterke lyden var på eit vis ei understreking av alvoret. Snart vart denne duren til eit dagleg driv, eg arbeidde i bråket frå maskina og eg såg på dyra at det ikkje var noko problem, dei fekk ein eigen iver over seg når maskinlyden kom på, for det betydde mat i bryene.
Dei arbeidsoperasjonane som var viktige hadde gjerne med motorar å gjere, motorar som laga leven og dreiv ein aksling, slik traktoren gav kraft til vedkløyvar og fôrhaustar. Eit skikkeleg arbeid var gjerne knytt til bråk og uro. Di fleire maskiner som gjekk, di meir fekk vi gjort, det fanst ein logikk i at bråk var bra. Eg fekk tidleg lære meg å traktere traktoren, eg kasta meg på setet og fekk start på motoren, før eg rasa av stad på oppdrag. Kom eg meg av garde i høg støy skjøna alle at eg hadde store planar. I skogen arbeidde eg med motorsag, og det at eit skikkeleg arbeid førte med seg høg lyd, vart ein vane som påverka tankelivet. Som ung mann lét eg meg lure til å tru at det fanst eit samband mellom lyden og kvaliteten på arbeidet. Men maskinen og hestekreftene gjorde ikkje arbeidet åleine, skilnaden på godt og dårleg arbeid hadde meir med handelag enn lyd å gjere. Godt arbeid hang saman med kunnskapen eg hadde om maskinen, men like viktig var det eg visste om materialet eg arbeidde med. Skulle eg kviste ei stamme, var det viktig å vite kva spenn greinene stod i, for skar eg på feil side kunne sagbladet kome i knip og kjeda i lås, og då gjekk det tid med å hente øksa for å få saga fri og gjere ho klar på nytt. Og lærdommen om arbeidet gjekk heller aldri ut over kunnskapen om at også ein god kvil hadde stor verdi. Arbeid og kvile høyrte saman, ståk og ro var to sider ved arbeidslivet. Eg såg alltid fram til å sløkkje motoren og setje meg ned på ein stubbe for å ete ei skive og sidan nyte det stille arbeidet med å skrelle ein appelsin, før eg med stor appetitt mosa dei mjuke og saftige båtane mellom tennene og svelgde ned.
I mine siste tre bøker har eg lagt vekt på denne viktige føresetnaden for at eg kunne verte forfattar, det at eg gav slepp på jorda. Det frigjorde meg frå alle gardspliktene og kjensla av tvang eg hadde til maskinene. Det gjorde meg fri frå alt bråket, eg selde alle maskiner og motorar, men tok unna nokre få reiskaper som eg tenkte eg ville få bruk for. Dette var ein hammar, ei sleggje og eit spett, ei grafse og eit trau, ein høvel og ei sag. Lydane desse reiskapane laga var meir organiske, dei var for meg meir som ein samtale mellom hendene, reiskapen og materialet eg arbeidde med.
Som forfattar har eg hatt godt av å ha andre ting å leggje fingrane på enn tastaturet. Etter ei skriveøkt på tre timar er det godt å flytte merksemda over på andre gjeremål, som hagearbeid og dyrking av bær og grønsaker, snekring og tørrmuring med gråstein. Og i slikt arbeid er det for meg lett å finne trådar attende til skrivinga, at det fanst eit samband mellom dei ulike skapingsaktene. Slik ein tekst held fram med å arbeide i ein etter at ein ha gått frå skrivebordet, så arbeider orda i steinen på same viset. Det å lese steinar med det for auga at dei er til å mure med, gjer at steinen si form får ny tyding. Ein kvar stein i rett storleik kan leggjast i mur, steinen si form fortel kva oppgåve han kan få, og eg ser korleis eg kan slå steinen til, for å få han til å passe inn i muren min. Skal han synast må han ha eit ansikt, og skal han låse må han ha lengd, skal han byggje høgt må han ha høgd og sidene skal vere lagleg passa til for kameratane under, over og på begge sider. Yttersteinen er ein del av murens fasade, og skal ha fall ut, så vatnet ikkje legg seg inni og gjev frostspreng. Og på same tid som slike omsyn er viktige, er det personen som gjer arbeidet som bestemmer. Muren peikar alltid på sin skapar, på same måte som skrifta. Det ligg ein rytme og ei rørsle i måten linjene i muren går på, muren har sin syntakt og sin variasjon, sitt liv. Som småbrukar var eg vand med alle slags småsyslar, og denne gleda ved skiftande gjeremål trur eg viser seg i skriveiveren eg framleis har i meg. Ord følgjer ord, eg prøver å passe dei til, høyrer etter på lyden, måten dei snakkar på, tydinga dei gjev og rytmen i linjene når dei flyt av stad. Og kvar stein har, som orda, ei tyding. Eit bruksområde. Eg prøver å gjere nytte av dei. Kvar setning må overlappe, dei må stå saman og lage ein vegg, ein konstruksjon som held. Og dette har med handverk å gjere, kjensla for materialet.
Tormod Haugland har hausta strålande kritikkar for dei siste romanane sine. Med sterk forteljeglede, underfundig humor og stor fridom i assosiasjonane har Haugland skapt seg ei djupt original form for sjølvbiografisk dikting. «Om livet på jorda» handlar om ungdomstid, kjærleik, seksualitet og skulegang. Men det er også ein roman om framandskap i ulike former, og om tilhøvet mellom levande og død.
Hva er det med Ravels strykekvartett? Av Runa Skjeldal I Runa Skjeldals debutroman Eleonora blir Ella påminnet Ravels strykekvartett en morgen hun ligger i senga
Gunstein Bakke har skrevet romanen Austalgi, en mørk og humoristisk roman om Aust-Agders siste tid og en utdøende livsform. Hva var det egentlig med Aust-Agder
Tormod Haugland er aktuell med romanen Om livet på jorda. Dette er ein roman om ideal som møter motbør, om kunnskap som blir sett på